– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sesongopning – Konsert – Utstilling

22jun16:0018:00Sesongopning – Konsert – Utstilling

Event Details

Skredhaugen opnar for sesongen sundag 22. juni kl 16.00.

Utstilling

I Nilsastova opnar salsutstillinga Fuglerommet, med måleri av Bjørg L. Strømme.

Bjørg er utdanna lærar i kunst. Ho har hovudvekt på tekstil, design og funksjon. I til saman 33 år har ho undervist i kunstfag i grunnskulen, vidaregåande skule og vaksenopplæring. Teikning og måling har følgt henne heile livet, og då ho gjekk av med pensjon for 18 år sidan, byrja ho intensivt med akvarellmåling. Ho byrja med akrylmåling for 8 år sidan.
Bjørg har hatt rundt 30 separatutstillingar, og har deltatt på nesten like mange fellesutstillingar rundt om i Noreg. I tillegg har ho undervist i akvarell og akryl.
Ho er spesielt oppteken av omgjevnadene rundt seg, av natur og fugleliv, og av kultur og arkitektur i gamle historiske bygningar.

Konsert

Under opningsprogrammet vert det konsert med spelemann på hardingfele Arne Anderdal.

Arne Anderdal er hardingfelespelar og har bakgrunn frå Hemsedal Spelemannslag. Han har sidan 1993 vore busett på Voss og har eit breitt repertoar frå dei lokale tradisjonane. Arne er musikalsk leiar i Voss Spelemannslag og underviser ved Ole Bull Akademiet, der han arbeider med både musikk og dans innan tradisjonskunst. Han har vore mykje nytta som instruktør på festivalar og i det organiserte spelemannslagsarbeidet.

 

Inngangsbillett, inkluderar konsert

Vaksen: 250,-
Sesongkort: 220,-
Student: 150,-
Born u. 16 år: Gratis

Kafe ved Skredhaugens vener

Skredhaugens vener har kafe under arrangementet, og byr på kaffi og vafler.

Verk av Bjørg L. Strømme.

Time

22. June 2025 16:00 - 18:00(GMT+00:00)

Location

Skredhaugen

Other Events