Arkiv
Utstillingar
Arrangementstype:
Utstilling
Utstilling
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Arrangør:
Skredhaugen
Skredhaugen
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Storeteigen
Voss folkemuseum

Om arrangementet
Lars O. Bleie ga i 2021 ut boka Glimt frå ein barndom. Han vaks opp i ei anna tid, i ein kvardag prega av naturalhushold. Forteljingane i boka er
Om arrangementet
Lars O. Bleie ga i 2021 ut boka Glimt frå ein barndom. Han vaks opp i ei anna tid, i ein kvardag prega av naturalhushold. Forteljingane i boka er personlege, samstundes som han teiknar opp eit samfunn i eit klyngetun, eit lokalsamfunn og eit Hardanger rett før, under og rett etter krigen. Boka er nydeleg illustrert med teikningar laga av Michal Tóth. Desse teikningane er utstilt på Skredhaugen i sommar.
Trykk av teikningane er for sal.
Utstillinga opnar sundag 25. juni kl 16, er ope sundagar mellom 12-17, og elles når det er arrangement på Skredhaugen.
Tid
Juni 25 (Sundag) 16:00 - August 23 (Onsdag) 19:00

Om arrangementet
Vevnader i gobelinteknikk, også kalla flamsk vev, er kjend frå andre land, langt attende i tid. I Noreg er Baldishol-teppet det eldste bevarte teppet frå tida før 1500. Først
Om arrangementet
Vevnader i gobelinteknikk, også kalla flamsk vev, er kjend frå andre land, langt attende i tid. I Noreg er Baldishol-teppet det eldste bevarte teppet frå tida før 1500. Først på 1600 og 1700-talet vart biletvev ein tradisjon i Noreg, ofte med motiv frå bibelen. Særleg har historia om dei fem kloke og dei fem dumme jomfruene vore eit ynda motiv. På slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet fekk bileveven ei oppblomstring som kunstuttrykk med kjende vevarar som Frida Hansen og Hannah Ryggen.
Biletvev er også ein kjær hobby for mange, så også for Jorunn Ystaas, som har vove alle bileta i utstillinga. Joronn flytta til Lofthus i 1955, til eit aktivt miljø der ho tok kurs i både hardangersaum og perlesaum. Ho vart kjend med biletvevar Åslaug Aarhus, og vart svært inspirert av dei fine vevnadene. På 80-talet gjekk ho på kurs hjå Åslaug, og dette vart starten på ei langvarig interesse for biletvev. Også svigerinna Liv Ystaas på Voss driv med biletvev, og har vore til stor inspirasjon. Vevinga gjer ho heime, og kvar 14. dag er dei seks ihuga kvinner som kjem saman og vev i lag. Ho likar spesielt godt å veva motiv med menneske og dyr, noko som visar att i biletvevane som er med i utstillinga.
I utstillinga kan ein mellom anna sjå motiv laga av Gerhard Munthe, Dagfinn Instanes og Harald Kihle, og ein versjon av Baldisholteppet.
Utstillinga er ope sundagar mellom 12-17, og når det er arrangement på Skredhaugen.
Tid
Juni 26 (Sundag) 16:00 - August 7 (Sundag) 17:00

Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Skredhaugen er særs glade over å kunne presentere ei ny utstilling med kunstnaren Maria Pasenau. Utstillinga er initiert og utvikla saman med kunstnar Lars Korff Lofthus,
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Skredhaugen er særs glade over å kunne presentere ei ny utstilling med kunstnaren Maria Pasenau. Utstillinga er initiert og utvikla saman med kunstnar Lars Korff Lofthus, og er den tredje utstillinga i ein serie dialogutstillingar. I samarbeid med museet har Korff Lofthus kvart år invitert ein aktuell nolevande kunstnar til å gjere seg kjend med kunstsamlinga etter Jon Bleie, og stille ut sitt eige arbeid saman med eit utval frå samlinga.
Maria Pasenau, som har budd i Odda sidan 2019, arbeider primært med fotografi men også med lyd og tredimensjonal kunst. Til denne utstillinga har ho leita etter former eller stemningar som hennar eigne motiv og motiv frå samlinga har til felles. Bileta hennar fungerer som visuelle speglingar av det ho har vald frå Bleie-samlinga. Tanken er at samanstillingane løfter kvarandre og blir noko meir enn kvar av delane. Om tittelen på utstillinga, Symbiotisk avskjed, seier Pasenau at det kan handle om ulike typar avskjed, td. med Y-blokka eller akerselva i Oslo.
Pasenau opna i januar separatustillinga The Odder Erotica på Trafo Kunsthall i Asker, til særs gode kritikkar, td. frå NRK, som også portretterte henne saman med Bjarne Melgaard i serien Kunstnerliv.
Maria Pasenau
Maria Pasenau (Mjøndalen, 1994) er ein norsk samtidskunstnar som arbeider i Oslo og Odda. Ho er utdanna på Norsk Fotofagskole i Trondheim. Pasenau har hatt fleire separatutstillingar m.a Whit Kind Regrets Pasenau (2018, Makeriet, Malmø, Sverige), Pasenau and the Devil (2019, Fotogalleriet, Oslo) og The Hopelessness of Beeing Alive (2020, Litteratursymposiet, Odda). Av gruppeutstillinger kan ein nemne Early works (2017, kuratert av Elise By Olsen, New Galerie, Paris), Faithless pictures (2018, kuratert av Andrea Kroksnes, Nasjonalmuseet) og Sub på Akershus kunstsenter i 2018, kuratert av Bjørn Hatterud. Pasenau deltok også i Bjarne Melgaard ´s digitale utstilling Life killed my Chihuahua publisert på instagramkontoen til Galerie Thaddaeus Ropac i 2018. Hoi har også gjeve ut tre fotokunstbøker; Whit Kind Regrets Pasenau i 2018, Pasenau and the Devil i 2019 og The Hopelesness of Being Alive i 2020. Ho er ei av dei yngste kunstnarne nokon gong som har blitt innkjøpt av Nasjonalmuseet.
Utstillinga er ope sundagar mellom 12-17, og når det er arrangement på Skredhaugen.
Tid
Juni 26 (Sundag) 16:00 - August 7 (Sundag) 17:00
Arrangement
Arrangementstype:
Undervisning
Undervisning
Alle
Utstilling
Arrangør:
Skredhaugen
Skredhaugen
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Storeteigen
Voss folkemuseum
ons23aug18:00ons20:00Lyden av HardangerOpedal skule18:00 - 20:00

Om arrangementet
Høyr lyden av Hardanger på Skredhaugen onsdag 23. august kl 18. Opedal skule vann Veslefrikkprisen for andre gong med komposisjonen "Lyden av Hardanger". Elevane har spelt med Kork, og denne
Om arrangementet
Høyr lyden av Hardanger på Skredhaugen onsdag 23. august kl 18.
Opedal skule vann Veslefrikkprisen for andre gong med komposisjonen «Lyden av Hardanger». Elevane har spelt med Kork, og denne onsdagen kan du høyra elevane framføra verket på Skredhaugen.
Utstillinga Glimt frå ein barndom og kunstsamlinga etter Jon Bleie er ope. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Små og store er hjarteleg velkomne.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00
ons16aug18:00ons20:00LeikedagSongleiker og tradisjonsleiker18:00 - 20:00

Om arrangementet
Leikedag på Skredhaugen, onsdag 16. august kl 18. Det vert masse gøye leiker på Skredhaugen denne dagen, både songleiker og tradisjonsleiker som besto og besten leika då dei var små.
Om arrangementet
Leikedag på Skredhaugen, onsdag 16. august kl 18.
Det vert masse gøye leiker på Skredhaugen denne dagen, både songleiker og tradisjonsleiker som besto og besten leika då dei var små. Utstillinga Glimt frå ein barndom og kunstsamlinga etter Jon Bleie er ope. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Små og store er hjarteleg velkomne.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00
ons09aug18:00ons20:00Fruktfagleg påfyllfor amatør og proff18:00 - 20:00

Om arrangementet
Få fruktfagleg påfyll på Skredhaugen, onsdag 9. august kl 18. Lurar du på kva som går føre seg i fruktnæringa for tida? Leif Øie fortel deg alt du treng å
Om arrangementet
Få fruktfagleg påfyll på Skredhaugen, onsdag 9. august kl 18.
Lurar du på kva som går føre seg i fruktnæringa for tida? Leif Øie fortel deg alt du treng å vita. Snakk om sider vert det også. Nytt høve til ein god oppdatering, og hyggeleg stund på Skredhaugen. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Hjarteleg velkomne.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00
ons12jul18:00ons20:00Soga om Ullensvang fruktlageri ord, tonar og bilete18:00 - 20:00

Om arrangementet
Onsdag 12. juli kl 18.00 er det eit flott program på Skredhaugen Karl Ystanes, Ragnhild Opedal Tveit og Magnus Opedal fortel Ullensvang fruktlager si 75-årige historie i ord, tonar og
Om arrangementet
Onsdag 12. juli kl 18.00 er det eit flott program på Skredhaugen
Karl Ystanes, Ragnhild Opedal Tveit og Magnus Opedal fortel Ullensvang fruktlager si 75-årige historie i ord, tonar og bilete. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Små og store er hjarteleg velkomne.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00
ons05jul18:00ons20:00OnnedagKrotakakebaking, hesjing, lauving18:00 - 20:00

Om arrangementet
Onsdag 5. juli kl 18.00 er det aktivitetsdag på Skredhaugen Skredhaugens vener lagar til arrangement på Skredhaugen mange onsdagar gjennom sommaren. Onsdag 5. juli er det onnedag med fleire kjekke
Om arrangementet
Onsdag 5. juli kl 18.00 er det aktivitetsdag på Skredhaugen
Skredhaugens vener lagar til arrangement på Skredhaugen mange onsdagar gjennom sommaren. Onsdag 5. juli er det onnedag med fleire kjekke ting å halda på med. Geitene treng høy, og dette skal me turka på hesjer. Me skal laga lauvkjerv. Og så vert det nysteikte krotakaker i mosstova. Utstillinga Glimt frå ein barndom og kunstsamlinga etter Jon Bleie er ope. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Små og store er hjarteleg velkomne.
Tid
(Onsdag) 18:00 - 20:00
sun25jun16:00sun18:00Sesongopningkonsert16:00 - 18:00

Om arrangementet
Skredhaugen opnar for sesongen sundag 25. juni kl 16.00. Sommaren er i gang på Skredhaugen på Lofthus. I år er den flotte kunstsamlinga etter Jon
Om arrangementet
Skredhaugen opnar for sesongen sundag 25. juni kl 16.00.
Tid
(Sundag) 16:00 - 18:00
Billettar
BillettsalHending på Facebook
Sjekk ut!ons24aug18:00Har du sett nokon gammal kjerring?Familieførestilling18:00

Om arrangementet
Ta med familien på song og forteljeførestilling på Skredhaugen - onsdag 24. august kl 18! Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte lite kongerike.
Om arrangementet
Ta med familien på song og forteljeførestilling på Skredhaugen – onsdag 24. august kl 18!
Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte lite kongerike. Dei hadde ein katt, ein hane, ein stor frukthage, og så hadde dei ni ungar.
Ein dag fekk ungane dela frukthagen mellom seg, men då gløymde dei minste syster si, så ho fekk berre eit einaste lite tre. Brått ein dag kom det ei gammal kjerring.
Med utgangspunkt i eventyret «Epletreet til den minste prinsessa» har Astri Sudmann og Kari Finne Sognnæs laga ei song- og forteljeførestilling.
Songane som blir brukt er stort sett lokale folketonar, der ungane får vera deltakande. «Har du sett nokon gammal kjerring?» handlar om venskap, og verdien av å dela med dei rundt seg.
Medverkande:
Astri Sudmann – forteljing og song
Kari Finne Sognnæs – song og rytmeinstrument
I samarbeid med hardingfela.no
Tid
(Onsdag) 18:00
ons17aug18:00Bordsete med sidersmaking18:00

Om arrangementet
Bli med på bordsete med sidersmaking på Skredhaugen - onsdag 17. august kl 18!
Om arrangementet
Bli med på bordsete med sidersmaking på Skredhaugen – onsdag 17. august kl 18!
Tid
(Onsdag) 18:00
ons10aug18:00Reiseliv i Hardangerved Knut Markhus18:00

Om arrangementet
Velkomen til føredrag om reiseliv i Hardanger - ved historikar og tidlegare direktør på Kraftmuseet, Knut Markhus, på Skredhaugen onsdag 3. august kl 18!
Om arrangementet
Velkomen til føredrag om reiseliv i Hardanger – ved historikar og tidlegare direktør på Kraftmuseet, Knut Markhus, på Skredhaugen onsdag 3. august kl 18!
Tid
(Onsdag) 18:00
ons03aug18:00Bokprat om laksefiskeved Karl Ystanes 18:00

Om arrangementet
Velkomen til bokprat om laksefiske i godt lag med Karl Ystanes - på Skredhaugen onsdag 3. august kl 18!
Om arrangementet
Velkomen til bokprat om laksefiske i godt lag med Karl Ystanes – på Skredhaugen onsdag 3. august kl 18!
Tid
(Onsdag) 18:00

Om arrangementet
Kvar sundag i juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Skredhaugen. Det vert konsertar klokka 13:15, 14;15 og 15:15. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til
Om arrangementet
Kvar sundag i juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Skredhaugen.
Det vert konsertar klokka 13:15, 14;15 og 15:15. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.
Svein Laingen Kjerland kjem frå Granvin, og har utdanninga si frå Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv som solist, i grupper og spelemannslag, som brenn for formidling av folkemusikk og folkekultur, Me er veldig glade for å ha Svein til å spela konsertar i juli!
Svein spelar ogpå Hardanger folkemuseum onsdag – laurdag, og i Agatunet fredagar og laudagar i heile juli.
Konsertane er arrangert av Hardingfela.no
Tid
1 (Fredag) 12:30 - 31 (Sundag) 15:00
sun26jun16:00sun18:00Sesongopning og konsertRannveig Djønne16:00 - 18:00

Om arrangementet
Skredhaugen opnar for sesongen sundag 26. juni kl 16.00. Me gler oss til å opna sommarens utstillingar i Nilsastova og nede i Bleiesamlinga. I Nilsastova
Om arrangementet
Skredhaugen opnar for sesongen sundag 26. juni kl 16.00.
Tid
(Sundag) 16:00 - 18:00