Bygdetun på Lofthus
Finn di beste oppleving!
Bli kjend med Hardanger si historie og folkekultur i museumstunet!
Program
for arrangement og utstillingar ved Skredhaugen
Arrangementstype:
Alle
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør:
Skredhaugen
Skredhaugen
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Storeteigen
Voss folkemuseum

Om arrangementet
Vevnader i gobelinteknikk, også kalla flamsk vev, er kjend frå andre land, langt attende i tid. I Noreg er Baldishol-teppet det eldste bevarte teppet frå tida før 1500. Først
Om arrangementet
Vevnader i gobelinteknikk, også kalla flamsk vev, er kjend frå andre land, langt attende i tid. I Noreg er Baldishol-teppet det eldste bevarte teppet frå tida før 1500. Først på 1600 og 1700-talet vart biletvev ein tradisjon i Noreg, ofte med motiv frå bibelen. Særleg har historia om dei fem kloke og dei fem dumme jomfruene vore eit ynda motiv. På slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet fekk bileveven ei oppblomstring som kunstuttrykk med kjende vevarar som Frida Hansen og Hannah Ryggen.
Biletvev er også ein kjær hobby for mange, så også for Jorunn Ystaas, som har vove alle bileta i utstillinga. Joronn flytta til Lofthus i 1955, til eit aktivt miljø der ho tok kurs i både hardangersaum og perlesaum. Ho vart kjend med biletvevar Åslaug Aarhus, og vart svært inspirert av dei fine vevnadene. På 80-talet gjekk ho på kurs hjå Åslaug, og dette vart starten på ei langvarig interesse for biletvev. Også svigerinna Liv Ystaas på Voss driv med biletvev, og har vore til stor inspirasjon. Vevinga gjer ho heime, og kvar 14. dag er dei seks ihuga kvinner som kjem saman og vev i lag. Ho likar spesielt godt å veva motiv med menneske og dyr, noko som visar att i biletvevane som er med i utstillinga.
I utstillinga kan ein mellom anna sjå motiv laga av Gerhard Munthe, Dagfinn Instanes og Harald Kihle, og ein versjon av Baldisholteppet.
Utstillinga er ope sundagar mellom 12-17, og når det er arrangement på Skredhaugen.
Tid
Juni 26 (Sundag) 16:00 - August 7 (Sundag) 17:00

Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Skredhaugen er særs glade over å kunne presentere ei ny utstilling med kunstnaren Maria Pasenau. Utstillinga er initiert og utvikla saman med kunstnar Lars Korff Lofthus,
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Skredhaugen er særs glade over å kunne presentere ei ny utstilling med kunstnaren Maria Pasenau. Utstillinga er initiert og utvikla saman med kunstnar Lars Korff Lofthus, og er den tredje utstillinga i ein serie dialogutstillingar. I samarbeid med museet har Korff Lofthus kvart år invitert ein aktuell nolevande kunstnar til å gjere seg kjend med kunstsamlinga etter Jon Bleie, og stille ut sitt eige arbeid saman med eit utval frå samlinga.
Maria Pasenau, som har budd i Odda sidan 2019, arbeider primært med fotografi men også med lyd og tredimensjonal kunst. Til denne utstillinga har ho leita etter former eller stemningar som hennar eigne motiv og motiv frå samlinga har til felles. Bileta hennar fungerer som visuelle speglingar av det ho har vald frå Bleie-samlinga. Tanken er at samanstillingane løfter kvarandre og blir noko meir enn kvar av delane. Om tittelen på utstillinga, Symbiotisk avskjed, seier Pasenau at det kan handle om ulike typar avskjed, td. med Y-blokka eller akerselva i Oslo.
Pasenau opna i januar separatustillinga The Odder Erotica på Trafo Kunsthall i Asker, til særs gode kritikkar, td. frå NRK, som også portretterte henne saman med Bjarne Melgaard i serien Kunstnerliv.
Maria Pasenau
Maria Pasenau (Mjøndalen, 1994) er ein norsk samtidskunstnar som arbeider i Oslo og Odda. Ho er utdanna på Norsk Fotofagskole i Trondheim. Pasenau har hatt fleire separatutstillingar m.a Whit Kind Regrets Pasenau (2018, Makeriet, Malmø, Sverige), Pasenau and the Devil (2019, Fotogalleriet, Oslo) og The Hopelessness of Beeing Alive (2020, Litteratursymposiet, Odda). Av gruppeutstillinger kan ein nemne Early works (2017, kuratert av Elise By Olsen, New Galerie, Paris), Faithless pictures (2018, kuratert av Andrea Kroksnes, Nasjonalmuseet) og Sub på Akershus kunstsenter i 2018, kuratert av Bjørn Hatterud. Pasenau deltok også i Bjarne Melgaard ´s digitale utstilling Life killed my Chihuahua publisert på instagramkontoen til Galerie Thaddaeus Ropac i 2018. Hoi har også gjeve ut tre fotokunstbøker; Whit Kind Regrets Pasenau i 2018, Pasenau and the Devil i 2019 og The Hopelesness of Being Alive i 2020. Ho er ei av dei yngste kunstnarne nokon gong som har blitt innkjøpt av Nasjonalmuseet.
Utstillinga er ope sundagar mellom 12-17, og når det er arrangement på Skredhaugen.
Tid
Juni 26 (Sundag) 16:00 - August 7 (Sundag) 17:00

Om arrangementet
Kvar sundag i juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Skredhaugen.Det vert konsertar klokka 13:15, 14;15 og 15:15. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til
Om arrangementet
Kvar sundag i juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Skredhaugen.
Det vert konsertar klokka 13:15, 14;15 og 15:15. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.
Svein Laingen Kjerland kjem frå Granvin, og har utdanninga si frå Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv som solist, i grupper og spelemannslag, som brenn for formidling av folkemusikk og folkekultur, Me er veldig glade for å ha Svein til å spela konsertar i juli!
Svein spelar ogpå Hardanger folkemuseum onsdag – laurdag, og i Agatunet fredagar og laudagar i heile juli.
Konsertane er arrangert av Hardingfela.no
Tid
1 (Fredag) 12:30 - 31 (Sundag) 15:00