Jon Bleie
Kunstsamlinga etter Bleie
Jon Bleie (1904-1981) sette djupe spor etter seg i kulturlivet i Hardanger.
Gjennom eit langt liv bygde han opp ei stor privat samling med norsk kunst og kunstlitteratur som han testamenterte til Ullensvang herad.
På Skredhaugen kan ein gjera seg kjend med kunstnarar og kunstverk som gledde og inspirerte Jon Bleie, mellom dei Henrik Sørensen, Harald Kihle og Theodor Kittelsen.