Om oss
Sjarmerande Skredhaugen
Kunstnaren Bernhard Greve kjøpte Skredhaugen på Lofthus i 1918. Saman med kona Ingrid Greve skipa han til det vakraste museumstun:
Idylliske gamle hus og spanande bondeinteriør – alt samla frå Lofthusbygda og grender kring i Sørfjorden.
Her finn du Seksestova frå 1600-talet, den rikhaldige bok- og biletsamlinga etter kunstsamlaren Jon Bleie og ei utstilling av Greve sine eigne arbeid.