– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

BEE Hardanger

21jun(jun 21)16:0015aug(aug 15)18:00BEE HardangerKunstutstilling

Om arr.

Kunstnarkollektivet BEE Hardanger stiller ut på Skredhaugen i sommar, frå 21. juni til 15. august. Utstillinga er ope kvar laurdag mellom 15 – 18, og dei onsdagane Skredhaugens vener har arrangement.

BEE Hardanger vart stifta 19. mars 2021 av Britt-Helen  Stuholm, Eli Lillevik og Eldbjørg Stenberg. Slik kom namnet BEE til, då dei står for forbokstavane til stiftarane sine initialar. Foreininga er ein møteplass for folk med ulik kunst- og kulturinteresse, og er eit lavterskeltilbod med møteverksemd, ulike kurs innanfor kunst og kultur, ekskursjonar for medlemane, samt utstillingar i lokalområdet.

Arbeidsområda er mix media som akryl, akvarell, oljemåling, tekstilkunst, foto, glasmåling, teikning, digital kunst og trearbeid .

Idag er dei 16 aktive medlem som i hovudsak held til i Kinsarvik og innover til Odda, men dei har plass til fleire medlem frå alle kantar. BEE Hardanger har fjordahallen i Kinsarvik som fast møteplass for møta og kurslokale. Tidlegare har BEE hatt utstilling i Galleri Bergslien og kommunestyresalen i Eidfjord med over 230 kunstverk i ulik skala, jolamarked på Krossvoll, galleri Grimo, Morellefestivalen, Odda by, samt fleire utstillingar på biblioteket i Kinsarvik. Av kurs har dei mellom anna hatt målekurs med Enver Gashi og Igor Meyer og teiknekurs med Hilde Rønning Karlsen.

Utstillarar

Dei som er med på utstillinga i sommar er: Torill Lien, Vilde Helene Takla, Britt-Helen Stuholm, Eli Lillevik, Gry Melås Hus, Rigmor Bang, Eldbjørg Stenberg, Hilde Rønning Karlsen og Liv Gunn Strand.

Sjå meir

Tid

21. juni 2026 16:00 - 15. august 2026 18:00(GMT+00:00)

Stad

Skredhaugen

Andre arrangement