Arrangementstype Utstilling
februar
lau22mai(mai 22)00:00sun05mar(mar 5)00:00Opplut og belteUtstilling(mai 22) 00:00 - (mars 5) 00:00

Om arrangementet
Hardanger folkemuseum har rike samlingar av tradisjonelle tekstilar, klede som seinare vart utgangspunkt for hardangerbunaden. I utstillinga «opplut og belte» har me leita fram nesten alt me har av belte,
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum har rike samlingar av tradisjonelle tekstilar, klede som seinare vart utgangspunkt for hardangerbunaden. I utstillinga «opplut og belte» har me leita fram nesten alt me har av belte, opplutar og sjonaleister. Utstillinga er ei oppfylging av 1000 bringklutar. Ho opnar 22. mai 2021 og skulle stå til 28. oktober 2022. Utstillingsperioden er sidan forlenga til 5. mars 2023.
Den tradisjonelle draktsikken i Hardanger har røter tilbake til 1600-talet og renessansen. På den tida utvikla mange områder i Noreg særeigen draktskikk som skilte seg frå korleis folk kledde seg i andre bygder. Draktskikken var prega av stor variasjon innan faste rammer. Me ynskjer å syna fram breidda innan dei ulike plaggtypane, med all den variasjon og kreativitet det var rom for.
Opplut
I deler av Hardanger kallar ein livet til kvinnedrakta for opplut/upplut, altså den delen som er øvst. Andre stader vert dette plagget kalla liv eller vest. Syr ein oppluten fast til stakken får ein det som på fagspråket vert kalla «den eldre livkjolen», eit renessanseplagg der opplut og stakk skulle vera i ulik farge og gjerne i ulik stoffkvalitet. Stakkane var svarte eller blå, og oppluten ofte raud eller andre fargar som sto i kontrast til stakken. Oppluten var kanta med band. I utstillinga synar me gamle, rettskorne opplutar, og synar korleis plagget endra seg gjennom århundra. Her er om lag 100 opplutar i ulike fargar og stoffkvalitetar i klede, damask, kalemank, silke og fløyel.
Belte
Kring livet hadde ein belte. Desse finst i eit mangfald av teknikkar, alt frå krossting til smøyg, ulike vevde belte, og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er som oftast geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Nokre belte har fangband, andre ikkje. I utstillinga har me avgrensa til belte i tekstile teknikkar, så sylvbelta og stølebelta kjem i ein anna utstilling seinare. Sjølv om motiva liknar dei som er nytta på bringklutar var det ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte.
Sjonaleister
Kvite sokkar med fargerik kant kring ankelen vart nytta av både kvinner, menn og barn. Desse sokkane er strikka i tvebandstrikk, med svært tynne pinnar.
Tid
Mai 22 (Laurdag) 00:00 - Mars 5 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Høyrt om Hvileåret - hvile, vekst og aktivisme? Dette er eit 18-månadars prosjekt knytt til Storeteigen bygdetun. Bak prosjektet står kunstnaren Amber Ablett og gjennom prosjekt-perioden vil du få høve
Om arrangementet
Høyrt om Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme?
Dette er eit 18-månadars prosjekt knytt til Storeteigen bygdetun. Bak prosjektet står kunstnaren Amber Ablett og gjennom prosjekt-perioden vil du få høve til å oppleva lydverk, delta på workshop og høyra samtalar med inviterte gjester.
Prosjektet vil utforska kva me kan læra om kvila si rolle som verktøy for vekst ved å sjå til tradisjonelle jordbruksteknikkar.
Prosjektet samlar aktivistar, allierte og den breiare offentlegheita for å tenka saman om kvile som ein aktiv tilstand.
Hvileåret er kuratert av Kunsthuset Kabuso og støtta av Norsk kulturråd
Tid
Juni 12 (Sundag) 00:00 - Mars 31 (Fredag) 23:50

Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes verderlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst

mars

sun05mar14:00Foredrag Opplut og belteKristin Gulbrandsen og Mikkel Tin14:00

Om arrangementet
Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope
Om arrangementet
Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope frå 13 – 18.
Handel og tekstile varer
Dei norske folkedraktene utgjer eit stort og variert materiale. Feltarbeid og registrering av gamle plagg gjev oss stadig ny kunnskap. Materialane som er brukt i plagga vi finn, kan fortelja oss noko om forholdet mellom heimeproduksjon og handelsvarer. Materialkvalitetar kan også fortelja oss mykje om kva tidsrom eit plagg har vore i bruk.
Kristin Gulbrandsen arbeider som fagkonsulent ved Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Ho arbeider særleg med rekonstruksjon, der bindingslære og materialkunnskap er viktig, for å kunne tolke det gamle materialet på ein god måte.
Draktbeltet: meir enn ei praktisk sak
Beltet har ein utvilsam praktisk funksjon – men og ein estetisk og ein symbolsk funksjon. Det gjeld særleg beltet sin symbolikk: Når me spenner beltet kring livet, deler me oss i ein respektabel øvre del og ein farlig nedre del. Beltet hjelper oss til å samla oss og kontrollera oss; men før eller sidan opnar me det og gjer slepp. Beltet er ei form og ei norm som høyrer kulturen til; utan belte er det naturen som rår. Brurebeltet er eit kunstferdig tjor som viser at brura er ærbar og kan og vil tygla sine drifter; men ved nærare ettersyn ser ein at utsmykkinga på belte hennar samtidig signaliserer ein mogligheit og ein villigheit til det som på sjølve bryllaupsnatta skal sikra garden fruktbarheit og avkom.
Mikkel B. Tin har doktorgrad i filosofi og har vore professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, først i tradisjonskunst, sidan i kulturfilosofi. Han har gitt ut fleire bøker om folkekunst og kulturhistorie, mellom anna De første formene – Folkekunstens abstrakte formspråk og Spilleregler og spillerom – tradisjonens estetikk. Som sjefskonservator ved Drammens Museum 2018-2021 kuraterte han den faste utstillinga «Hverdagshest og høytidshest» og utgav samtidig boken Kapitler av hestens kulturhistorie.
Dette vert siste dag med utstillinga Opplut og belte. Museet har og ope i kafeen der me byr på både betasup og kaker.
Billettar 180/200,-
Foto: Silje Solvi
Tid
(Sundag) 14:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
BillettarSjå dette arrangementet på Facebook
Sjekk ut!april

Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes verderlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00
mai
lau13mai11:00lau17:00Sesongopning11:00 - 17:00

Om arrangementet
Laurdag 13. mai opnar Agatunet for sesongen! Det vert konsert og opning av sesongens kunstutstilling med tihøyrande program. Detaljar kjem!Fram til 19.6 er tunet ope laurdagar og sundagar 11-17.
Om arrangementet
Laurdag 13. mai opnar Agatunet for sesongen! Det vert konsert og opning av sesongens kunstutstilling med tihøyrande program. Detaljar kjem!
Fram til 19.6 er tunet ope laurdagar og sundagar 11-17.
Tid
(Laurdag) 11:00 - 17:00
lau13mai13:00lau14:00Utstillingsopning 202313:00 - 14:00

Om arrangementet
Laurdag 13. mai opnar me sesongens kunstutstilling i Agatunet!Årets kunstnarar er Ingeborg Stana, Astrid Nondal og Synneva Heradstveit.Tradisjonen tru vert det opningsprogram med talar og stas! Meir info om opningsprogrammet
Om arrangementet
Laurdag 13. mai opnar me sesongens kunstutstilling i Agatunet!
Årets kunstnarar er Ingeborg Stana, Astrid Nondal og Synneva Heradstveit.
Tradisjonen tru vert det opningsprogram med talar og stas! Meir info om opningsprogrammet kjem etterrkvart – hald av dagen og gled deg til ein vakker kunstutstilling!
Måleriet på biletet er «Blå natt» av Ingeborg Stana
Tid
(Laurdag) 13:00 - 14:00