Dialogutstillinga er eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom Hardanger folkemuseum og kurator Lars Korff Lofthus, der me inviterar samtidskunstnarar til å gå i dialog med den store kunstsamlinga etter Jon Bleie. Kunstnarane vil både syna sine eigne arbeider, og påverka kva verk frå Bleiesamlinga som stillast ut. Nilsastova, båe etasjar, vert nytta til prosjektet, som er ein spanande måte å vitalisere dei eldre verka på, og trekke liner mellom ulike tider og uttrykk.

Prosjektet starta i 2020, med den Norgesbusette svenske kunstnaren Patrik Entian (f.1966).

Kunstnaren som er veld ut for Dialog #2 i 2021 er Annette Kieruf.

Kieruf arbeider hovudsakeleg med tresnitt, men og teikning, veggmåleri, objekt og artist books. Ho hentar gjerne sine motiv frå natur og kulturlandskap. Motiva tek ofte utgangspunkt i observasjoner frå nærmiljøet på Vestlandet, og går samastundes i dialog med kunsthistoriske referansar innan landskapstradisjonen. I dialogforma denne utstillinga inviterar til, må Kierulf ikkje berre i dialog med landskap, men med konkrete verk og tolkingar av landskap og andre motiv, og me gler oss til å oppleva dette på Skredhaugen!

Annette Kierulf har hatt ei lang rekke duo-utstillingar med syster og kollega Caroline Kierulf. Dei har utvikla ei samarbeidsform der dei jobbar individuelt innanfor ei felles teoretisk råme knytta til stad, språk, feminisme og økologi. Dei har stilla ut mange plassar, til dømes Kunstnerforbundet, Kunstneres Hus, Bergen Kunsthall og Great North Museum Hancock i Newcastle.

Kierulf har og vore med å starta og drifte ulike prosjekt i det frie kunstfeltet i Bergen, som galleri By th Way (1999-2007) og tidsskriftet Kunsjournalen B-post (2206-2017) Ho har jobba som kurator for mellom anna den 4. utgåva av Momentum – nordisk festival for samtidskunst, Vestlandsutstillingen, KORO og Nasjonale Turistveger.

Annette Kierulf er fødd i Oslo i 1964, utdanna ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk i Bergen, Kunstakademiet i trondheim og Vestlandets Kunstakademi. Ho er professor i kunst med fordjupning i grafikk ved Kunstakademiet, Institutt for samtidskunst ved UiB.  Saman med systera Caroline Kierulf skal ho stilla ut på Haugesund Billedgalleri komande haust, og på KODE i 2022. Ho bur og arbeider på Radøy nord for Bergen.

Opningstider

Sesongopning sundag 26. juni

Ope kvar sundag kl 12-17 i perioden 26. juni-8. august
Elles ved førespurnad utanom sommarsesong.

Kontakt
5781 Lofthus

Tlf: 474 79 884

E-post: post@hvm.museum.no
Sosiale media
Følg Skredhaugen på Facebook og Instagram #skredhaugen
Opening hours

Sundays June 26-August 8: Open 12 AM-5PM
See the program section for events

Please contact us for requests

 

 

Contact
5781 Lofthus Tel: +47 474 79 884 E-mail: post@hvm.museum.no
Social media
Follow Skredhaugen on Facebook and Instagram: #skredhaugen
X