Spor i tid
21jun(jun 21)16:00Spor i tidKunstutstilling
Om arr.
Utstillinga Spor i tid av Maren Sofie Strømme står på Skredhaugen frå 21. juni til 15. august. Utstillinga er ope kvar laurdag mellom 15 – 18, og dei onsdagane Skredhaugens
Om arr.
Utstillinga Spor i tid av Maren Sofie Strømme står på Skredhaugen frå 21. juni til 15. august. Utstillinga er ope kvar laurdag mellom 15 – 18, og dei onsdagane Skredhaugens vener har arrangement.
Maren Sofie Strømme har malt i meir enn 35 år, og har hatt ei rekkje utstillingar i Noreg. Ho har deltatt ved kunstfestivalen Ljosanótt på Island, seinast i september 2024 og vore gjesteutstillar i Art67 Galleri Reykjavik 2023.
Som medie nyttar ho akryl, akrylmåling og akryl ink, samt ulike typar tekstur. Ho nyttar ulike teknikkar for å oppnå kontrastar mellom fargar, tekstur og patina. Dybde vert skapt med transparente nyansar lag på lag. Kunstnaren er opptatt av å fanga årstidenes stemning med interessante kontrastar og fargespel, lys og stemning. Kunstnaren har alltid vore fascinert av korleis årstidene og vær set sitt preg på naturen og gamle historiske bygg, og prøver å overføra dette på lerretet for å få fram eit utvaska og elda preg, og gje måleria eit interessant uttrykk.
Naturopplevingar hentar ho i det barske, rå kystlandskapet på Vestlandskysten i Noreg, og frå Island der farmora var frå, med alle sine unike kontrastar og naturkrefter, samt det urbane bybilete, mur, kalkverk, gamle tapetar som bærer med seg spennande historier frå ei svunnen æra.
Sjå meir
Tid
21. juni 2026 16:00(GMT+00:00)
Stad
Skredhaugen