Bernhard Greve

Samlinga etter Greve

På Skredhaugen kan du oppleva privatsamlinga etter kunstnaren Bernhard Greve og kona hans Ingrid. 

Bernhard Greve (1886-1962) var ein allsidig kunstnar. I unge år studerte han målarkunst under mellom anna Harriet Backer og Henri Matisse. Men det var som glasmålar han vann størst ry.

Greve kjøpte Skredhaugen i 1918. Hit flytta han i åra frametter fleire gamle hus frå ulike gardar i Sørfjorden. Desse vart fylte med gamalt innbu, med reiskapar, bruksting og prydting som Greve samla i distriktet.

Bernhard Greve lukkast i å skapa eit levande kunst- og kulturhistorisk museum.
Samstundes var Skredhaugen ein sjarmerande sommarbustad for familien. Det var hit Greve søkte etter lange og slitsame studiereiser rundt om i Europa. Her fann han ro og inspirasjon til kunstnargjerninga si.

 

 

Kontakt

5781 Lofthus
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Opningstider

Sundagar i perioden 28. juni-8. august:
Kl 12-17

Arrangement på onsdagar i juli;
Sjå eige program

Sosiale media

Følg Hardanger folkemuseum på Facebook og Instagram

Contact

5781 Lofthus
Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Opening hours

Sundays June 28–August 8:
12 AM–5 PM

Events on Wednesdays in July;
See the program section

Social media

Follow Hardanger Folkmuseum on Facebook and Instagram

X