– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingsopning

lau08mai14:00lau17:00UtstillingsopningVestlandsutstillingen 202114:00 - 17:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Årets Vestlandsutstilling opnar i Kabuso laurdag 8. mai kl. 14.00.
Opningsarrangementet tar som alltid omsyn til gjeldande smittevernreglar. Talar ved Kabuso og Vestlandsutstillingen.
Open utstilling og kafe. Opninga er gratis og open for alle.
Vel møtt!
_____________
Buss frå Bergen med Skyss kl. 11.55 perrong O, retur frå Kabuso kl. 15.37 eller 17.17.
_____________
Utstillinga viser 31 verk av 16 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Alle verka er unike og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plasserte i ei utstilling saman med andre verk blir meiningar forsterka eller endra. Dette spelar kurator Heidi Bjørgan (f.1970) medvite på i utforminga av utstillinga.
Bjørgan jobbar med å iscenesette kunstverka i høve til kvarandre for å skape ei underfundig stemning der venleik og uhygge går hand i hand, og ho trekkjer parallellar mellom filmregissøren David Keith Lynch (f.1946) sitt visuelle filmspråk og sine eigne prosjekt som kurator.
Publikum vil møte ei utstilling der både død og elende kan lure under perfekte overflater, samstundes som noko vakkert kan gøyme seg i det som ser forderva og øydelagt ut. Bjørgan inviterer kvar einskild utstillingsgjest til å vere ein aktiv medskapar i dei historier som Vestlandsutstillingen 2021 kan fortelje.
Deltakande kunstnarar VU 2021:
Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth,
Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther
Utstillinga står t.o.m. 6. juni.

Tid

(Laurdag) 14:00 - 17:00(GMT+00:00)

Hending på Facebook

>>> Sjekk ut