– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2019

Det er eit repeterande arrangement

sun07jul(jul 7)13:15sun28(jul 28)15:45Solokonsertar med Jonas LaupsaHardingfelekonsertar kvar sundag13:15 - 15:45 (28)

Om arrangementet

I heile juli får du høve til å oppleva solokonserter med den unge, dyktige felespelaren Jonas Laupsa på Skredhaugen.  Konsertane er inkluderte i billetten og finn stad utandørs, eller i Nilsastova – avhengig av veret.

Det vert konsertar alle sundagar i juli klokka 13:15, 14;15 og 15:15.

Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, og byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels. Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.

Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela hjå oss i sommar!

NB! Jonas spelar og på Hardanger folkemuseum i juli – mandager og tysdagar klokka 12:00, 13:00 og 14:30, samt fredagar og laudagar i juli klokka 14:45 , og i Agatunet kvar fredag og laurdag klokka 12:15 og 13:15.

Tid

7 (Sundag) 13:15 - 28 (Sundag) 15:45

Stad

Skredhaugen

5781 Lofthus

X