– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang

sun18jun16:30Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og UllensvangKonsert16:30(GMT+00:00)

Om arrangementet

Konsert på Hardanger folkemuseum sundag 18. juni kl 16.30! Solo hardingfele med Knut Hamre, Annlaug Børsheim, Benedicte Maurset og Lajla Storli.

I 2018 kom samlinga Slåttar frå Granvin der Knut Hamre spelte inn nærmare hundre slåttar. No kjem oppfølgjaren med Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Utøvarar er Annlaug Børsheim, Benedicte Maurseth, Knut Hamre og Lajla Storli. Mange av slåttane på denne utgjevingar er gamle, kjende og mykje brukte, men utøvarane har òg henta fram fleire ukjende slåttar frå arkiv og gamle opptak.Uttrykket i repertoaret bere preg av mange ulike spelarar opp gjennom tidene, frå korte suggererande og sangbare danseslåttar frå 1800-talet til Halldor Mælands konsertrepertoar på 1900-talet.

Hardanger er ein av dei rikaste tradisjonsområda innan folkemusikk. Frå dei første spelarane me høyrer om på 1600-talet og fram til i dag, har hardingfela og slåttane vore ein naturleg del av kvardangsliv, fest og høgtider. Med auka kontakt mellom folk, har også slåtterepertoaret auka, og spelarane har vore mange, slik at folkemusikarar i dag har ein stor arv av ulike slåttar og soger å ausa av. Konserten byr på eit utvalg av slåttar frå denne utgjevinga og forteljingar med Hardangermusikken  i sentrum.

Knut Hamre (1953)

Hardingfelespelar frå Granvin som har arbeidd som pedagog, fylkesmusikar, frilans musikar i inn- og utland og er ein av våre fremste felespelarar her til lands. Knut er ein nestor for hardingfelemusikken i Hardanger og har vore den naturlege læremeisteren for dei fleste frå Hardanger i mange år. Mange av elevane hans er i dag utøvarar på eit høgt nivå, og har hardingfela og musikken som levebrød. Knut har vunne landskappleiken sju gonger og motteke ei rekke prisar og utmerkelsar for musikken og spelet sitt. Diskografien hans er lang, frå den fyrste soloplata hans Nøringen (1982) til verket Slåttar frå Granvin (2018). Den siste plata består av 97 innspelte slåttar fordelt på 4 CD’ar og med ei tilhøyrande bok på 150 sider. I 2017vart han utnevnt til kommandør av St. Olavs Orden «for den framståande innsatsen
hans for norsk folkemusikk.»

Lajla Renate Buer Storli (1979)

Hardingfelespelar og songar frå Ullensvang. Ho har gått i lære hjå Knut Hamre i spel sidan ho byrja spele fele i 10-årsalderen, mens folkesongrepertoaret har ho henta frå fleire kjelder frå Voss og Hardanger. Lajla er utadanna folkemusiker frå Universitetet i Sør-Øst Norge avd Rauland, og ho har er ein mykje bruka pedagog i ulike samanhengar i folkemusikkmiljøet. Ho arbeider som frilans musikar i tillegg til at ho underviser fast ved Ole Bull Akademiet. Lajla har gitt ut og medverka på fleire plateutgjevingar, mellom anna soloplata Møya som drøymde (2013) – ei samling av ukjende mellomalderballadar og slåttar frå Hardanger og Voss. I 2018 laga ho bestillingsverket Kvöldvaka saman med verdensmusikaren Oddrun Lilja Johnsdottir, eit verk med inspirasjon frå Hardanger og Island. Saman med John Ole Morken har Lajla turnert mykje for Kulturtanken og spelt konsertar rundt om i heile Noreg. Songaren Kim Rysstad frå Setesdal har ho òg samarbeid mykje med, der dei har opptrådd ved ulike festivalar i inn- og utland. Lajla har moteke fleire stipend, mellom anna kulturstipend av Buskerud fylkeskommune og Statens Kunstnerstipend som folkekunstnar for 2022.

Annlaug Børsheim (1982)

Hardingfelespelar, songar og gitarist frå Ulvik. Annlaug arbeider som frilans musikar, scenekunstnar og komponist innan eit breitt spekter av sjangrar, men er utadanna folkemusiker frå Ole Bull Akademiet på Voss og Universitetet i Sør-Øst Norge avd Rauland. Ho har gjennom åra gjeve ut fleire plater, både solo og saman med andre. Siste åra har ho tonesatt mykje nyare norsk poesi for barn der det musikalske har klare trekk og inspirasjon henta frå folkemusikken. Tekstane er skrivne av ulike forfattarar som mellom anna Per Olav Kaldestad, Ruth Lillegraven og Gro Dahle, som sidan har blitt både konsertar, plater og ein
teaterserie for born i 8 episodar. I duoen Djønne&Børsheim spelar ho ei blanding av tradisjonell og ny musikk frå Hardanger. Dei har spelt i lag i over 10 år, spelt inn fleire plater, og turnert i inn- og utland og for Kulturtanken. I 2019 skreiv dei musikken til musikkteateret HUSMANN. Teksten var skriven av Ruth Lillegraven og med seg på scena hadde dei skodespelarane Kjærsti Odden Skjeldal og Morten Svartveit. I 2016 hadde Annlaug Statens Kunstnarstipend i kategorien populærkomponist.

Benedicte Maurseth (1983)

Hardingfelespelar, komponist og skribent frå Eidfjord, er ein etablert og anerkjend utøvar innan norsk folkemusikk. Maurseth har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre i nærare tretti år, og har utdanning frå Ole Bull Akademiet. Ho har turnert i omfattande grad både i Norge og internasjonalt, og har arbeidd tett med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar som Nils Økland, Merilyn Crispell, Rolf Lislevand, Jon Fosse, Svein Tindberg, Hildegun Riise og Anne Marit Jacobsen. Ho komponerer også ny folkemusikk, mellom anna verket Tidekverv i samarbeid med Opheim, Stene og Lislevand. I 2018 fekk ho Vossa Jazz-prisen, Eidfjord Kommunes kulturpris og Statens Kunstnerstipend (2018- 2020). I 2022 blei ho tildelt Nordic Music Prize for plata HÁRR. Maurseth har også spelt inn fleire album for Grappa og ECM, og har gjeve ut bøker, artiklar og essay. Hennar bok om kunst, pedagogikk og musikk som medisin, Å være ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre, vart gjeve ut på engelsk gjennom Terra Nova / MIT Press i USA hausten 2019. Hennar siste bok er Systerspel (2022) utgjeve på Fagbokforlaget.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!