– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

SIRIL MALMEDAL HAUGE & JACOB YOUNG

lau05feb20:00lau21:00SIRIL MALMEDAL HAUGE & JACOB YOUNGLaurdagskonsert i kafeen!20:00 - 21:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Velkomen til laurdagskonsert i kafeen i Kabuso!
5.f ebruar får me besøk av ein nydeleg duo som består av vokalist Siril Malmedal Hauge & Jakob Young!
Vokalist Siril Malmedal Hauge møtte gitaristen Jacob Young under ei plateinnspeling i 2016 og det vart starten på eit nydeleg samarbeid. Saman gav dei ut sitt første album «Last Things» i 2018, raskt omtala som eitt høgdepunkt av anerkjende jazzmagasin rundt om i verda. Albumet vann «Sølvprisen» til det japanske Jazz Critique Magazine for «Best Jazz Vocal Album» i 2018, og vart nominert til «Independent Music Awards» i New York City i samme kategori 2019. No er dei ute med sitt nye album «Chasing Sunsets» og kan høyrast og sjåast i ein triveleg intimkonsert i kafeen i KABUSO!
«Last Things er simpelthen en liten juvel, vakker, stemningsfull og ren balsam for sjelen.»
– Erik Valebrokk

«Duo-debut med håndverk og kunst»
– Terje Mosnes


Albumet har fått strålande kritikkar frå inn og utland, og har blant anna havna på
 Best Releases Of 2020 frå Allaboutjazz (NYC) og Japanske «Disk Union» si List of Best Records in 2020.

«The blend of songs and the unique style that this duo have created look set to make this album every bit as successful as their last.» – Jazzviews (UK)

«Chasing Sunsets» inneheld 12 spanande låter. Med tre originalkomposisjonar kvar, tolkar dei i tillegg seks kjende låtar frå verdas populærmusikkatalog, med ynskje om å setje eit personleg preg på eigne låtar og å tilføre coverversjonane noko nytt som dei kanskje ikkje hadde tidlegare.

Duoen har turnert i Sør Korea, Japan, New York, i ulike europeiske land som Estland, Danmark, Italia, Tyskland, og på norske scener og klubbar i store deler av Norge.
Ta med deg gode vener og ta turen til kafeen i Kabuso denne kvelden for ei herleg musikalsk oppleving!

Tid

(Laurdag) 20:00 - 21:00(GMT+00:00)

Billettar

BILLETTAR HER