Patrik Entian: Mellom tuja og syrin
Om arrangementet
Patrik Entian si utstilling Mellom tuja og syrin består av maleri han har laga utandørs på bygdemuseet Skredhaugen i løpet av vinteren 2020. Nokre av maleria er også laga
Om arrangementet
Patrik Entian si utstilling Mellom tuja og syrin består av maleri han har laga utandørs på bygdemuseet Skredhaugen i løpet av vinteren 2020. Nokre av maleria er også laga heime i hans eigen hage i Drammen etter pandemi-nedstenginga. Felles for bileta til Patrik er at dei er malt i ei økt der inntrykk, årstider, vær og dagsform speler direkte inn på resultata. I utstillinga presenterast Entian sine nye arbeid saman med et utval kunstverk frå kunstsamlinga etter Jon Bleie på Skredhaugen.
I tillegg har kunstnaren arbeidd fram to monumentale maleri i atelieret sitt i Drammen. Bileta hentar inspirasjon frå malereisene til Skredhaugen. Desse to verka er konstruerte for akkurat å passe inn i Nilsastova, som utgjer etasjen over den øvrige kunstsamlinga. Maleria står midt i rommet og skapar eit rom i rommet. Her kan betraktaren oppleve tømmerveggane og maleria frå alle kantar, berre opplyst av det naturlege og stadig skiftande ljoset frå vindauga.
Om Patrik Entian
Patrik Entian (født 1966 i Karlstad) malar oljemalerier. Arbeida hans kretsar rundt avbildningar av omgjevnadene, fra klassiske landskapsutsnitt, satellittbilete over jorda eller forstyrrelsar frå ei webkameraoppdatering. Han er oppteken av maleriets materialitet, og hvordan forskjellige tidsløp og fortellinger oppstår når billeder sidestilles i serier. Arbeidet foregår i langsomme prosesser på atelieret, parallellt med raske og fysiske maleriøkter utendørs året om.
Hans kunstneriske virke har i mange år foregått gjennom utstillinger i inn og utland. Han har bl.a. hatt soloutstillinger på Trondheim Kunstmuseum, Bergen Kunsthall, maerzgalerie i Leipzig og Berlin, Kunstnerforbundet i Oslo, og flertallet utsmykningsoppdrag som eksemplvis Trondheim kommune, Sankt Olavs hospital, samt Universitetet i Oslo og Bergen. Entian er utdannet på Kunstakademiet i Trondheim, og mellom 2007-11 var han stipendiat ved Kunstakademiet i Bergen med maleriprosjektet Looking for Painting. Han driver også kunstnergruppen –& Co.sammen med Aleksi Wildhagen og Jens Hamran. I 2021 stiller de ut på Kunsthuset Kabuso med et maleriprosjekt basert på arbeider laget under reiser rundt om i bygdene langs Hardangerfjorden. Patrik skriver også kunstkritikk, fremst om den norske kunstscenen, for det svenske nettforumet omkonst.se
Utstillinga er initiert og utvikla saman med kunstnar Lars Korff Lofthus og er den fyrste utstillinga i ein serie dialogutstillingar. I samarbeid med museet vil Korff Lofthus kvart år invitere ein aktuell nolevande kunstnar til å gjere seg kjend med kunstsamlinga etter Jon Bleie og stille ut sitt eige arbeid saman med deler av samlinga. Prosjektet er støtta av Billedkunstnernes Vederlagsfond.
Utstillinga er ope sundagar mellom 12 – 17, og når det er arrangement på Skredhaugen.
Tid
Juni 28 (Sundag) 16:00 - August 9 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement