– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juni 2021

sun27jun16:00sun18:00Opning av SkredhaugenUtstilling og konsert16:00 - 18:00

Om arrangementet

Sundag 27. juni kl 16.00 er det sesongopning på Skredhaugen. Programmet startar med opning av to utstillingar, og så vert det konsert.

Dialogutstilling #2: Annette Kierulf

Dialogutstilling er eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom Hardanger folkemuseum og kurator Lars Korff Lofthus, der me inviterar samtidskunstnarar til å gå i dialog med den store kunstsamlinga etter Jon Bleie. Kunstnarane vil syna eigne arbeider, saman med utvalde verk frå samlinga etter Jon Bleie, som mellom anna inneheld verk av Henrik Sørensen, Harald Kihle og Kåre Espolin Johnsen. I 2021 har Annette Kierulf takka ja til å vera årets utstillar. Kierulf arbeider hovudsakeleg med tresnitt, men og teikning, veggmåleri, objekt og artist books. Ho hentar gjerne motiv frå natur og kulturlandskap. Motiva tek ofte utgangspunkt i observasjonar frå nærmiljøet på Vestlandet, og går samstundes i dialog med kunsthistoriske referansar innan landskapstradisjonen.

Vera Gjersøe, Husdyrfoto

Vera Gjersøe har vore aktiv gardbrukar på Voss i mange år, men sidan ho gav ut si fyrste barnebok i 1990 har fotografia hennar tatt opp meir og meir tid. Sidan den fyrste boka har ho gitt ut 13 bildebøker og barnebøker. Alle med eigne foto. Motiva finn ho sjølvsagt rundt seg på garden, men ho reiser og rundt i heile Norge for å fotografera husdyr i alle situasjonar. Med fotoa og bøkene sine vil Gjersø gje dei yngre generasjonane eit innblikk i, og ikkje minst kunnskap om husdyra våre. Ein del av Gjersø sitt prosjekt er å minske avstanden mellom barn/unge og dyr/landbruk. Det er fyrst når vi som forbrukarar stiller krav at det vert mogeleg å forbetra dyrevelferden i matproduksjon.

Konsert

Jonas Laupsa, Siri Nordgård og Ingrid Standal Sørheim er tre unge utøvarar som spelar hardingfele og toradar. Alle tre er engasjert av Hardingfela.no og skal spela dagelege solokonsertar i musea i Hardanger og Voss museum i heile juli. No startar dei opp med ein felles konsert på Skredhaugen.

Tid

(Sundag) 16:00 - 18:00

Stad

Skredhaugen

5781 Lofthus

Billettsal på nett, restbillettar i døra

Kjøp billettar her
X