– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

To heimkomne 

tors27okt20:00To heimkomne Ruth Lillegraven & Agnes Ravatn 20:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Torsdag 27. oktober byr Kabuso inn til ein skikkeleg kulturkveld med Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn med fleire:
Det blir høgtlesing, samtale og musikk.

Dersom salongkultur og eleverte samtalar over ein iskald absint er livet for deg, vil truleg bygda bli ein stor skuffelse.
For det er neimen ikkje sikkert du finn nokon her å diskutere Heidegger med, om det skulle vere din store lidenskap (men det er som regel alltid eit par som lever som Wittgenstein).
Til gjengjeld vil du straks få hjelp om du treng nokon til å brøyte, naboar kjem på døra med sengemat dersom du har fødd, låner deg stillaset sitt og deler uoppfordra gamle stauder med deg.

Agnes Ravatn, frå kronikken «Det verste med å bu på bygda. Ein rural-pandemisk flyktningeguide.» 

Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har til felles at dei har flytta heim, Agnes til Sveio og Ruth til Granvin. Korleis blir det å skrive og skape, derifrå? Ser ein nærare etter finst det meir å utforske i likskapane mellom dei to forfattarane. Briljansen i èin sjanger, leiken med mange andre, til dømes. Kva meir? Journalist og forfattar Kjersti Mjør leier samtalen mellom dei to heimkomne. Tonefylgje ved Annlaug Børsheim. 

Programmet er i samarbeid med Rom for ord. 

Foto:
Av Ruth Lillegraven (øverst) © Paal Audestad
Av Agnes Ravatn © Agnete Brun

Billettar

>>> KJøp