– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kystsafari 2019

mån05aug(aug 5)10:00fre09(aug 9)14:00Kystsafari 201910:00 - 14:00 (9)(GMT+00:00)

Om arrangementet

KYSTSAFARI 5.-9. august Haugesund – Rosendal
Seglas som høver for store og små, landkrabbar og sjøulkar!
Årets kystsafari går langs vestlandskysten frå Haugesund og inn Hardangerfjorden til vakre Rosendal. Dagane ombord vil vera rike på opplevingar. Aktivitetsnivået avgjer kvar og ein sjølv. Den som ønskjer det, kan delta aktivt i seglinga under kyndig rettleiing av mannskapet, få kjenna sjøspruten i andletet og få opp pulsen ved å klatra i riggen. Vil ein slappa av, kan ein sitja på dekk og lesa ei bok, eller berre nyta det å gli gjennom ukjend farvatn og gje seg hen til bøljeskvulp og måkeskrik.

Totalpris: NOK 7700,- (Born fødd 2003 eller seinare: NOK 5700,-)
Påmelding: Send e-post med namn, adresse og tlf.nr. til
mathilde@hvm.museum.no

Ta gjerne kontakt for meir informasjon:
mathilde@hvm.museum.no
Hege – tlf: 414 87 528

Tid

5 (Måndag) 10:00 - 9 (Fredag) 14:00(GMT+00:00)