Kurs i holma- og hjartebringklut
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett.
Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Museet og husflidlaget sett opp fleire helgekurs i holmabringklut og hjartebringklut hausten 2021, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Dette kurset vert laurdag 20. og sundag 21. november. Kurset vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.
Påmelding til post@hvm.museum.no /474 79 884 innan 27. oktober 2021
For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, agnete.sivertsen@hvm.museum.no /95934698
Pris: Kr 3000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.
Tid
20 (Laurdag) 09:30 - 21 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement