– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsert Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim

sun28jun16:00sun17:30Konsert Rannveig Djønne og Annlaug BørsheimUtstillingsopning Patrik Entian16:00 - 17:30(GMT+00:00)

Om arrangementet

Sundag 28. juni kl 16 opnar sesongen på Skredhaugen med konsert og ny utstilling.

Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på hardingfele, gitar og song held konsert, utandørs om veret tillet det. Dei to har spelt og komponert musikk saman, og turnert både heime og ute. Saman har dei gitt ut plata «Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger». Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst tufta på tradisjonsmusikk frå Hardanger. Dei er aktive som musikarar, komponistar og tekstforfattarar på kvar sine kantar, både som solistar og i ulike samarbeidsprosjekt. Sommaren 2019 hadde dei urframføring av musikkteateret Husmann med tekstar av forfattar Ruth Lillegraven.

Patrik Entian si utstilling Mellom tuja og syrin består av maleri han har laga utandørs på bygdemuseet Skredhaugen i løpet av vinteren 2020. Nokre av maleria er også laga heime i hans eigen hage i Drammen etter pandemi-nedstenginga. Felles for bileta til Patrik er at dei er malt i ei økt der inntrykk, årstider, vær og dagsform speler direkte inn på resultata. I utstillinga presenterast Entian sine nye arbeid saman med et utval kunstverk frå kunstsamlinga etter Jon Bleie på Skredhaugen. I tillegg har kunstnaren arbeidd fram to monumentale maleri i atelieret sitt i Drammen. Bileta hentar inspirasjon frå malereisene til Skredhaugen. Desse to verka er konstruerte for akkurat å passe inn i Nilsastova, som utgjer etasjen over den øvrige kunstsamlinga. Maleria står midt i rommet og skapar eit rom i rommet. Her kan betraktaren oppleve tømmerveggane og maleria frå alle kantar, berre opplyst av det naturlege og stadig skiftande ljoset frå vindauga.

Utstillinga vert opna av Else Marie Sandal, kultursjef i Ullensvang kommune.

Sidan det framleis er restriksjonar på kor mange ein kan vera samla på eit arrangement og kor tett ein kan vera, ynskjer me at flest mogleg tingar billett på førehand. https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/konsert_annlaug_boersheim_og_rannveig_djoenne

Konserten vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Tid

(Sundag) 16:00 - 17:30(GMT+00:00)

Billettsal

https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/konsert_annlaug_boersheim_og_rannveig_djoenne