– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2021

sun04jul(jul 4)13:15sun25(jul 25)15:45Konsert: Jonas LaupsaHardingfele i sitt rette element13:15 - 15:45 (25)

Om arrangementet

I sumar vil Jonas Laupsa spela små konsertar i opningstida på Skredhaugen. Jonas er ein ung og svært lovande spelemann frå Hardanger. Dette er ein glimrande mogelegheit til å oppleva hardingfelespel i fantastiske omgivelsar.

Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels. Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.

Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela hjå oss i sommar!

Konsertane varer 20-30 minutt. Kom og høyr ungdommen formidla tradisjonen!

Kvar sundag held han tre konsertar:
4. juli kl. 13:15, 14:15 og 15:15
11. juli kl. 13:15, 14:15 og 15:15
18. juli kl. 13:15, 14:15 og 15:15
25. juli kl. 13:15, 14:15 og 15:15

Konsertane er inkludert i ordinær billett til museumet.

Tid

4 (Sundag) 13:15 - 25 (Sundag) 15:45

Stad

Skredhaugen

5781 Lofthus

X