– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kim Rysstad

sun07mai17:30Kim RysstadKonsert17:30(GMT+00:00)

Om arrangementet

Kim Rysstad har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 7. mai kl 17.30. Konserten er ein del av opningsprogrammet for utstillinga Ingunn van Etten, Bilete og bok. Hjarteleg velkomne alle til konsert og utstillingsopning i Storsalen denne dagen.

Kim Rysstad – ei stemme for alle tider!

Hausten 2019 fekk Kim sitt definitive gjenombrot som artist då han var ein av deltakarane i Stjernekamp på NRK1. Han sjarmerte og imponerte både domarar og heile Noreg på sin veg til finalen, der han vann 2 plassen.

Kim har gjeve ut fleire plater i eige namn, der andreplata «Vegen» vart nominert til Spellemann. Med kritikarfavoritten «Snøen laver ned», ei joleplate med sjølvaste London Philharmonic Orchestra inntok Rysstad 1.plassen på iTunes liste over mest solgte album i Noreg. Han har vore med i MGP to gonger, bl.a med «Så Vidunderleg», deltatt på Beat for Beat, og hatt eigen jolekonsert på NRK1 med Kringkastingsorkesteret. Det har også blitt samarbeid med fleire av Noregs fremste musikarar og songarar som Trygve Skaug, Knut Reiersrud, Tord Gustavsen for å nemne nokre. Kim har gjort duettar med Silje Nergaard og Anne Grete Preus, samt gjort mange solistoppdrag med nemnde KORK, Kristiansand og Trondheim Symfoniorkester.

I 2021 gav Kim Rysstad «Draumkvedet» ilag med KORK. Innspelinga fekk strålande omtale og t.d skreiv Aftenposten at «Draumkvedet kan knapt gjøres mer tiltrekkende enn dette«. I 2019 vart folkemusikken frå Setesdal innskriva på UNESCO’s liste for immatriell kulturarv, dette inspirerte til å gå attende til røtene og i fjor kom boka «Or Setesdal» til både 5 og 6 på terningane. 2023 byr også på ei nytt album: «Villfarande Barn». Ei samling gamle salmer og åndelege viser med Kim Rysstad, Arve Henriksen og Tord Gustavsen.

Konsert saman med Trym Bjønnes

Samarbeidet med Trym Bjønnes starta i 2010 og har sidan resultert i tallause konsertar, både i inn og utland, eventar, plateinnspelingar. Samspelet mellom Trym og Kim omtalast som noko heilt spesielt og tida står nesten stille når dei let røystene smelte saman i klokkeklare harmoniar. Alt frå mellomalderballadar til salmar og mgp står på repertoaret til Trym og Kim. Dette er rett og slett ein konsert du ikkje vil gå glipp av!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Foto: Robert Rønning

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!