– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

oktober 2023

lau21okt16:00Greg NiemczukKlassisk flygelkonsert16:00

Om arrangementet

Pianist Greg Niemczuk byr på Chopin og Grieg i kammermusikksalen i Kabuso laurdag 21. oktober kl 16:
Chopin og Grieg – to musikalske brør

Greg Niemczuk har ei verdsomspennande karriere og nesten 20 års erfaring som konsertpianist. Han har halde meir enn 500 konsertar i 36 land over heile verda og på alle kontinent.
Greg Niemczuk er høgt respektert av musikk-kritikarane.Og ikkje minst er han elska og beundra av eit stort publikum for sitt poetiske og kjenslevare spel og i sin lindenskaplege virtuositet.
Noreg er blant favorittlanda hans og kvart år opptrer han i meir enn 30 ulike byar og tetstadar over heile landet. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg!

Niemczuk knyter saman musikken han spelar med ord – og forklarar dei klassiske verka for publikum. Difor er ikkje berre kjend for spelet sitt, men også for si evne til å få kontakt med publikum. Han gjer den klassiske musikken lett forståeleg og underhaldande, sjølv for dei som ikkje er trente lyttarar av klassisk musikk.

Greg Niemczuk har gjennom karriera si vunne mange klaverkonkurransar og prisar – m.a. i New York (Carnegie Hall Debut Competition) og Warzawa (Den nasjonale Chopin-konkurransen 2010).
Han er elles svært aktiv på internett og via YouTube gjer han klassisk musikk populær blant musikkelskarar over heile verda.

PROGRAM:

1. avdeling
· Edvard Grieg: Hommage á Chopin op. 73 nr. 5
· Edvard Grieg; Notturno op. 54 nr. 4
· Frédéric Chopin: Nocturne op. 15 nr. 2
· Edvard Grieg;: Sommerfugl op. 43 nr. 1
· Frédéric Chopin: Etyde op. 25 nr. 9 –(Sommerfugl)
· Edvard Grieg: 25 Norske folkedanser og folkesanger op. 17:
Nr. 1 – Springdans Nr. 5 – Jølsring
Nr. 7 – Halling Nr. 18 – Stabbe-låten

· Frédéric Chopin: 5 Mazurkas op. 6: nr. 1, nr. 2, nr. 3, nr. 5
Mazurka op. 56 no.2
· Edvard Grieg;: 4 Norske folkedanser op. 35:
1. Allegro moderato
2. Allegretto tranquillo e grazioso
3. Allegro moderato alla Marcia
4. Allergro molto

Pause

2. avdeling
· Frédéric Chopin: Nocturne Ess-dur Op. 9 Nr. 2
· Edvard Grieg: «Jeg elsker deg» – op. 5 nr. 3
· Frédéric Chopin: Scherzo nr. 2 b-moll Op. 31
· Edvard Grieg: «Peer Gynt»-suite op. 46 nr. 1
1. Morgenstemning
2. Mor Åses død
3. Anitras dans
4. I Dovregubbens hall
· Frédéric Chopin: Polonese Ass-dur Op. 53 nr. 6 “Den heroiske”

>>> Sjå nettstaden til Niemczuk

Tid

(Laurdag) 16:00

Stad

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar

>>> KJøp

Hending på Facebook

>>> Sjekk ut
X