– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mai 2021

fre28mai08:30fre10:00Fagseminar: Energi for framtida – i Noreg og EuropaBerekraftverkstad08:30 - 10:00

Om arrangementet

Bli med på Energi for framtida – i Noreg og Europa. 
Fagseminar organisert av Bergen Energy Lab (UiB).

Diskusjonane går høgt omkring vindkraft på land, kraftkablar til utlandet og potensialet for meir norsk vasskraft.
Har ein ny fiende (vindkraft) gjort vasskraft meir akseptabel for folk? Bør hustaka i Kvam dekkjast med solcellepanel?

I Europa skjer ei stor omlegging til fornybar energiproduksjon, der solceller og vindkraft (både på land og til havs) spelar hovudrolla. Omlegginga er eit klimatiltak, men det er også andre gode grunnar for denne omlegginga. Me går inn på nokre av dei.

Me ser også på utviklinga i det norske kraftsystemet framover. Desentralisert kraftproduksjon er eitt utviklingstrekk, sterkare integrasjon i det europeiske kraftsystemet er eit anna.
Ope for alle med interesse for fornybar energi. Det er sett av god tid til spørsmål.

Bergen Energy Lab er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, NORCE, Høgskulen på Vestlandet og fleire andre private og offentlege aktørar.
Hovudmålet er å dela kunnskap om fornybar energi og energiomstilling.

Fagseminaret er ein del av Berekraftverkstad i Kabuso og på Storeteigen bygdemuseum 26.-29.mai

Tid

(Fredag) 08:30 - 10:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X