– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2021

ons28jul18:00ons20:00Foreningen for By og BygdKonsert18:00 - 20:00

Om arrangementet

Foreningen for By og Bygd speler nynorsk country. Det er litt skeivt, litt streit, litt omsett og oftast sjølvskrive. Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte være hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i. Sist dei spelte i Hardanger, slo lynet ned i anlegget under ein song om å bryte dei ti boda. Sånn kan det gå.

Vokalist Jens Kihl er politisk kommentator i Bergens Tidende og har skrive boka «Dette er også Noreg» om å vitje alle kommunane i heile Noreg.
Helene Nilsen (song og gitar) er ei slags ukrona country-dronning frå Askøy i tillegg til å vere forskar på universitetet.
Endre Aasebø (gitarar og song) hadde ein periode sitt eige radioprogram, Kirketid, på NRK P3, og speler i hundre andre band.
May Frida Bosch (trommer) kjem frå den rette sida av fjorden i Masfjorden og har delteke i Pokerfjes på TV2, der ho stakk av med tusenvis av kroner. May har langs fartstid på den Bergenske musikkscena. Hardanger (og Noreg?) sin eigen Lars Korff Lofthus speler kontrabass og korar. Han har spelt folkemusikk, kyrkjemusikk, rock, viser og pop, men hadde ikkje sett for seg å hamne i eit nynorsk countryband.

Billett kroner 250,- kjøpes ved inngang.

Tid

(Onsdag) 18:00 - 20:00

Stad

Skredhaugen

5781 Lofthus

X