– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2023

sun05mar14:00Foredrag Opplut og belteKristin Gulbrandsen og Mikkel Tin14:00

Om arrangementet

Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope frå 13 – 18.

Handel og tekstile varer

Dei norske folkedraktene utgjer eit stort og variert materiale. Feltarbeid og registrering av gamle plagg gjev oss stadig ny kunnskap. Materialane som er brukt i plagga vi finn, kan fortelja oss noko om forholdet mellom heimeproduksjon og handelsvarer. Materialkvalitetar kan også fortelja oss mykje om kva tidsrom eit plagg har vore i bruk.

Kristin Gulbrandsen arbeider som fagkonsulent ved Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Ho arbeider særleg med rekonstruksjon, der bindingslære og materialkunnskap er viktig, for å kunne tolke det gamle materialet på ein god måte.

Draktbeltet: meir enn ei praktisk sak

Beltet har ein utvilsam praktisk funksjon – men og ein estetisk og ein symbolsk funksjon. Det gjeld særleg beltet sin symbolikk: Når me spenner beltet kring livet, deler me oss i ein respektabel øvre del og ein farlig nedre del. Beltet hjelper oss til å samla oss og kontrollera oss; men før eller sidan opnar me det og gjer slepp. Beltet er ei form og ei norm som høyrer kulturen til; utan belte er det naturen som rår. Brurebeltet er eit kunstferdig tjor som viser at brura er ærbar og kan og vil tygla sine drifter; men ved nærare ettersyn ser ein at utsmykkinga på belte hennar samtidig signaliserer ein mogligheit og ein villigheit til det som på sjølve bryllaupsnatta skal sikra garden fruktbarheit og avkom.

Mikkel B. Tin har doktorgrad i filosofi og har vore professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, først i tradisjonskunst, sidan i kulturfilosofi. Han har gitt ut fleire bøker om folkekunst og kulturhistorie, mellom anna De første formene – Folkekunstens abstrakte formspråk og Spilleregler og spillerom – tradisjonens estetikk. Som sjefskonservator ved Drammens Museum 2018-2021 kuraterte han den faste utstillinga «Hverdagshest og høytidshest» og utgav samtidig boken Kapitler av hestens kulturhistorie.

Dette vert siste dag med utstillinga Opplut og belte. Museet har og ope i kafeen der me byr på både betasup og kaker.

Billettar 180/200,-

Foto: Silje Solvi

Tid

(Sundag) 14:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Billettsal på nett, restbillettar i døra

Billettar

Sjå dette arrangementet på Facebook

Sjekk ut!
X