Opplevingar



Mykje å gjera, mykje å læra
På Hardanger folkemuseum er det mykje å oppleva, både inne i hovudbygningen, og utandørs i museumstunet.
Me har faste og skiftande utstillingar, aktivitetsverkstad der du kan perle ditt eige armband og teikne din eigen bringklut.
Me har ei kunstløype i museumstunet og fleire flotte skulpturar og gamle frukttre.
Du kan høyre minikonsertar med unge folkemusikarer, sjå tradisjonsbakst og anna handtverk, eller berre nyta den vakre utsikta i vår trivelege kafé med panoramautsikt over fjord og fjell.
Me har og ei aktiv konsertscene, og arrangerar jamnleg folkemusikkonsertar – desse finn du i programmet.
Velkomne til ei innhaldsrik vitjing!