Kunsthuset Kabuso
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arrangement på denne staden
januar
lau21jan18:00Avlyst: Ensemble Eon18:00

Om arrangementet
Mara Haugen, fiolin Morten Norheim, saksofonar Martha Berit Belt, piano Ved hjelp av litt alkymi og eit umedvite sinn kan ein befinna seg mellom ei verkeleg verd og ein alternativ realitet. Med fantasifull
Om arrangementet
Mara Haugen, fiolin
Morten Norheim, saksofonar
Martha Berit Belt, piano
Ved hjelp av litt alkymi og eit umedvite sinn kan ein befinna seg mellom ei verkeleg verd og ein alternativ realitet.
Med fantasifull leik mellom instrumenta formidlar Ensemble Eon eit nytt og spesialskrive verk for trioen av Marcus Paus.
Stykket er inspirert av maleri av den surrealistiske spansk-meksikanske kunstnaren Remedios Varo. Transformerande ensembler inni ensemblet, berika med augneblinkar kor kvart instrument vert gjort om til solist, omskapar den tradisjonelle kammermusikken og drar lyttaren inn i ei illusorisk verd.
Publikum vil og få oppleva nyskrivne komposisjonar av dei bergensbaserte komponistane Emiliano Orz og Francisco Corthey, samt verk av norske Sverre Indris Joner og Marius Neset.
Musikken spenner vidt med energifylte rytmar, dansande samspel og lyriske melodiar, som tidvis utforskar eit meir moderne og eksperimentelt uttrykk.
Tid
(Laurdag) 18:00
lau28jan(jan 28)00:00sun23apr(apr 23)00:00Anne-Lise StensethUtstilling00:00 - (april 23) 00:00

Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso. Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes verderlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00
lau28jan14:00UtstillingsopningMarhaug & Longva / Stenseth14:00

Om arrangementet
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 28. januar kl 14! I utstillingssalen opnar hovudutstillinga Røynd og kjensle ved Rita Marhaug og Terese Longva. I foajéen kan du oppleva Av Helene av
Om arrangementet
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 28. januar kl 14!
I utstillingssalen opnar hovudutstillinga Røynd og kjensle ved Rita Marhaug og Terese Longva. I foajéen kan du oppleva Av Helene av Anne-Lise Stenseth.
Kl 14.45: Kunstnarsamtale med dei tre kunstnarane
Filmvisning i konsertsalen kl 14.10 / 14.45 / 15.20: Veggar som kviskrar av Anne-Lise Stenseth. Varigheit: 33 min.
Open kafé med lunsjrettar og kaffimat
Les meir på kunstnarane sine nettsider:
>>> Rita Marhaug
>>> Terese Longva
>>> Anne-Lise Stenseth
Tid
(Laurdag) 14:00
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utlau28jan21:00Marthe Valle21:00

Om arrangementet
Laurdag 28. januar kl 21 byr Kabuso inn til ein finfin kveld i musikalt lag med Marthe Valle Marthe Valle er ein Bergens-basert artist og låtskrivar, opprinneleg frå Harstad. Med
Om arrangementet
Laurdag 28. januar kl 21 byr Kabuso inn til ein finfin kveld i musikalt lag med Marthe Valle
Marthe Valle er ein Bergens-basert artist og låtskrivar, opprinneleg frå Harstad. Med si unike stemme og jordnære tekstar om universelle spørsmå og utfordringar, har ho sidan starteni 2004 fått eit trofast publikum. Ho har så langt hatt ei mangefasettert karriere, med utgjevingar på både norsk og engelsk, og som bidragsytar på mange ulike prosjekt og innspelingar.
Valle er også ein ein samfunnsengasjert artist som ofte brukar musikken til å formidla sitt engasjement, både gjennom tekstar og samarbeid med organisasjonar som Norsk folkehjelp, Kirken bymisjon og Dråpen i havet.
Med debutalbumet Bag of Candy (2005) vann ho sin første Spellemannspris, og følgde opp med Foverver Candid i 2008. Med albumet Fann fram i 2014 gjekk Valle over til å synga på dialekt. Både dette albumet og oppfølgaren Alt kan ikke sies (2017) gav henne brei radiostøtte med fleire A-lista låtar på NRK P1.
RO/URO frå 2018 var eit konseptalbum som opphavleg vart skrive og framført som bestillingsverk for Festspillene i Nord-Norge. Tematisk utforskar det spørsmåla kring menneskets tilstand i dagens samfunn og korleis den travle livsstilen mange lever med, stadig distanserar oss frå dei viktige verdiane i forholda våre til andre menneske og den indre balansen. Frå albumet tilbakestilling har me det siste året knytt oss til singlane Pilar, Favn om og Vi lar det gå.
Tid
(Laurdag) 21:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøpfebruar

Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso. Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes verderlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00
tors02feb11:00tors15:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00 - 15:00

Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar i februar 2023: Rita Marhaug og Terese Longva Hardanger Skyspace
Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar i februar 2023:
Rita Marhaug og Terese Longva
Hardanger Skyspace (utan lysprogram – eigne tider/billett for dette)
Ingebrigt Vik museum
Tid
(Torsdag) 11:00 - 15:00
fre10feb20:00Mats Eilertsen trioMelodiøs jazz20:00

Om arrangementet
Unn deg ein fredagskveld med Mats Eilertsen trio! Fredag 10. februar kl 20 kan du lata deg omfamna av gode melodiøse jazzvibbar frå denne framifrå trioen. Mats Eilertsen, bass Harmen Fraanje, piano (NL)
Om arrangementet
Unn deg ein fredagskveld med Mats Eilertsen trio!
Fredag 10. februar kl 20 kan du lata deg omfamna av gode melodiøse jazzvibbar frå denne framifrå trioen.
Mats Eilertsen, bass
Harmen Fraanje, piano (NL)
Thomas Strønen, trommer
Foto: CF Wesenberg
Tid
(Fredag) 20:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøp billettlau18feb13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 18. februar kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 18. februar kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøpmars

Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso. Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes verderlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00
ons01mar18:00ØKLAND & APELAND18:00

Om arrangementet
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av
Om arrangementet
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele
SIGBJØRN APELAND trøorgel
Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.
Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.
Tid
(Onsdag) 18:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPtors02mar11:00tors15:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00 - 15:00

Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar i mars 2023: Rita Marhaug og Terese Longva Hardanger Skyspace
Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar i mars 2023:
Rita Marhaug og Terese Longva
Hardanger Skyspace (utan lysprogram – eigne tider/billett for dette)
Ingebrigt Vik museum
Tid
(Torsdag) 11:00 - 15:00
sun05mar18:00Time Is A Blind GuideMelodiøs jazz18:00

Om arrangementet
Thomas Strønen og Time Is a Blind Guide vender tilbake til Kabuso for å gje deg nye gode jazzopplevingar - søndag 5. mars kl 18! Thomas Strønen – trommer/komposisjon Ayumi Tanaka –
Om arrangementet
Thomas Strønen og Time Is a Blind Guide vender tilbake til Kabuso for å gje deg nye gode jazzopplevingar – søndag 5. mars kl 18!
Thomas Strønen – trommer/komposisjon
Ayumi Tanaka – piano
Håkon Aase – fiolin
Leo Svensson Sander – cello
Ole Morten Vågan – bass
Trommeslagar og komponist Thomas Strønen rekrutterte eit stjernelag til prosjektet ”Time is a blind guide”, ein bukett nye komposisjonar fremført av eit spanande ensemble med strykarar, piano og ein oppegåande rytmeseksjon.
Sjølv sier Strønen om prosjektet:
”Besetningen har en instrumentering som bærer preg av at jeg ønsker flere ensembler i ett. Musikken er melodisk og «tid» er et essensielt begrep også rent kompositorisk, både i form av utfordrende rytmikk, men også i det underliggende, med mye luft i komponeringen. Min musikalske oppvekst har vært mangfoldig, med ECM estetikk så vel som klassisk og elektronisk- og impromusikk; med dette prosjektet prøver jeg å samle mange endetråder.”
Strønen sin idé om ensemblemøter; eit strykarensemble, eit perkusjonsensemble og ein pianotrio er utgangspunktet for den uttrykksfulle musikken me møter denne kvelden, drive fram av handplukka musikarar frå begge sider av Nordsjøen.
Tid
(Sundag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøptors09mar20:00Utseld: Ingebjørg Bratland trioPop20:00

Om arrangementet
Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår! Ingebjørg Bratland
Om arrangementet
Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår!
Ingebjørg Bratland er knapt fylt 30 år, men ho er allereie godt kjend for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne.
Karriera hennar starta i ung alder i folkemusikkmiljøet. Sidan orientert seg meir mot popverda og låtane hennar har fått eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg.
Ingebjørg har dei seinare åra vore særs aktiv på konsertfronten og har turnert med prosjekt som albuma Månesinn (2015), Hjarteskjell (2017), Papirfly (2020) i tillegg til fleire juleprosjekt.
Ingebjørg er nysgjerrig og oppsøkande i musikkvala sine. Det viser godt igjen i hennar mest kjende låtar, som er ei blanding av hennar eigne og tolkingar av andre sine låtar. Med songar som m.a. Jul i Svingen, Ingen som du, På avstand, Fordi eg elskar deg, Ljos, Stjernene med Lars Vaular, Vintersong, Bror og Di Ingebjørg har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Live er ho ein fabelaktig formidlar og ein konsert med Ingebjørg byr alltid på nydelege låtar ispedd lune anekdotar.
Tid
(Torsdag) 20:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøplau11mar14:00Påskemåne ØnskesolFamilieførestilling14:00

Om arrangementet
Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol - basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14! Den som får sjå sola
Om arrangementet
Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol – basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14!
Den som får sjå sola danse på påskemorgonen kan ynskje seg noko!
Påskemåe Ønskesol er ei leken og vakker førestilling for barn frå 4-10 år og familiane deira. Sysken, foreldre og ikkje minst besteforeldre er varmt velkomne.
Langt nord i Svartdalen bur Vesle-Live og pappa. Oldemor Gammel-Live bur i kårstova ute på tunet. Men ein dag skjer det noko, og Vesle-Live får eit viktig oppdrag.
Thea Borring Lande fortel og spelar Vesle-Live, medan Jo Berger Myhre toneset førestillinga. Med enkle verkemidlar av høg kvalitet fortel dei ei stor, lita historie, ramma inn av års- og livssyklusane til livet og naturen, på borna sine premissar. Marte Magnusdotter Solem har regissert førestillinga med eit klokt blikk – med mykje glimt i auga og kjærleik til menneska.
Om utøvarane:
Skodespelar Thea Borring Lande har spelt store roller på fleire av dei største scenane i landet, men det ho elskar aller mest, er å spela i små rom med akkurat passe mange menneske i. For her møtest me på ordentleg! Ho brenn for å gje publikum gode teateropplevingar med plass til både latter og kanskje ei lita tåre i augekroken.
Bassist og komponist Jo Berger Myhre har i årevis spelt i band med store artistar innan både popmusikk og jazz, som Frida Ånnevik, Nils Petter Molvær og Ingrid Olava.
Som teatermusikar fyller han rommet og forteljinga med klangar og melodiar som får oss til å lytte endå betre.
Medverkande:
Thea Borring Lande – skodespelar, kunstnerisk leiar
Jo Berger Myhre – musikar på scenen, komponist
Marte Magnusdotter Solem – regi
Anngjerd Rustand – scenografi
Hedda Simonsen Lund – kostymedesign
Sigrid Edvardsson – koreografi
Gunnbjørg Johannessen – produsent
Lone Klein – inspisient
Akin Duzakin – Illustrasjon
Marte Vold – foto/video
Førestillinga er støtta av:
Norsk kulturfond, Spenn.no, Fond for lyd og bilde, Det norske komponistfond, Fond for utøvende kunstnere, Kloden Teater, Bergesenstiftelsen og Nesodden kommune.
Tid
(Laurdag) 14:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøplau18mar20:00Inger Nordvik trio20:00

Om arrangementet
«Det er sjeldan å høyre debutalbum som er så overtydande» - Deutschlandfunk Inger Nordvik er ein norsk songar og komponist med eit musikalsk univers forma av den klassiske bakgrunnen hennar, røter
Om arrangementet
«Det er sjeldan å høyre debutalbum som er så overtydande» – Deutschlandfunk
Inger Nordvik er ein norsk songar og komponist med eit musikalsk univers forma av den klassiske bakgrunnen hennar, røter i norsk folkemusikk men også av omgjevnadane hennar som veks opp i den ville naturen i nord. Samanlikna allereie med slike som Joni Mitchell og Kate Bush, har det blitt sagt at musikken hennar har ein tendens til å unngå perfeksjon på ein fengande måte, og trassar enkel kategorisering når den vert utvida til pop, nordisk folk og jazz.
Inger vart fødd i Harstad og byrja å spele piano i ein alder av seks år. Lidenskapen hennar for musikk inspirerte ho seinare til å ta utdanning i klassisk song, og i ein alder av 19 gjekk ho på det anerkjende Barratt Due musikkinstitutt i Oslo. Men den intuitive musikkforståinga hennar samt interessa for pop, soul og jazz, førde ho attende til der det heile starta, framfor pianoet, der ho improviserte fram melodiar.
Etter å ha fullført musikkstudia, byrja Inger å eksperimentere med låtskriving. Ho starta etter kvart eit samarbeid med to jazzmusikarar som opna ei dør til ei heilt ny verd av kreativitet, og dynamikk i skriveprosessen så vel som den interaktive forbetringa i livesettet hennar. Debutalbumet «Time» utgitt 7. februar 2020 har ein unik og godt lagd lyd, som utnyttar akustikken til århundregamle kyrkje for innspelinga. Hun handplukka ei blanding av strykarar, små kor og jazzmusikarar for å skape ei organisk og varm touch som er signaturlyden til musikken hennar.
Anten det er solo eller akkompagnert av musikarar, tek Inger seg alltid tid til å skreddersy dei fine detaljane i komposisjonane og framføringane, og ser dei vekse og sakte få eit eige liv. Mjuk og intim i augneblikka og stormfull og kaotisk i andre, musikken søkjer sine røter. Som vatn som strøymer til kilda, er den søte og krystallklare stemma et fyrtårn i et hav av ord.
Tid
(Laurdag) 20:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPapril

Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso. Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arrangementet
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes verderlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arrangementet
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00
sun16apr18:00Kira Martini QuartetSoul/Jazz18:00

Om arrangementet
Kira Martini - vokal Mads Søndergaard - piano/harmonika Joel Illerhag - kontrabass Andreas Fryland - trommer Etter utallige oppmodingar (og ei lengre korona-utsetjing) kjem publikumsfavoritten no tilbake til Kabuso - sundag 16. april kl
Om arrangementet
Kira Martini – vokal
Mads Søndergaard – piano/harmonika
Joel Illerhag – kontrabass
Andreas Fryland – trommer
Etter utallige oppmodingar (og ei lengre korona-utsetjing) kjem publikumsfavoritten no tilbake til Kabuso – sundag 16. april kl 18!
Den danske songaren og låtskrivaren Kira Martini og bandet hennar er eit kjend namn på den danske jazzscenen – og sjarmerte altså Kabuso-publikumet i senk ved forrige besøk.
Med sin postitive energi; si varme og flotte stemme og eit breidt repertoar av ulike stilartar er Kira Martini ulik alle andre songarar på scenen.
«Den danske sanger, Kira Martini, synger hvert minutt, på en måte som virkelig får deg til å føle noe!
>>> Sjekk ut nettstaden til Kira Martini
Tid
(Sundag) 18:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøplau22apr13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 22. april kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 22. april kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøp
Om arrangementet
Martin Myhre Olsen - saksofon Kjetil Mulelid - piano Bárður Reinert Poulsen - kontrabass Simon Olderskog Albertsen - trommer Lovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23.
Om arrangementet
Martin Myhre Olsen – saksofon
Kjetil Mulelid – piano
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass
Simon Olderskog Albertsen – trommer
Lovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23. april kan du sjekka ut den lovpriste jazzkvartetten.
Med fem album og eit hundretals liveopptredenar i ryggen, spelar Wako med ein autoritet og personlegdom som plasserar dei i fortroppen av nordisk jazz.
Wako er ein av dei mest dynamiske og innovative gruppene på dagens jazzscene, og har bygd ei solid fanskare og hausta heider frå kritikarar nært og fjernt.
I følge ein kritikar i All about jazz (US) er Wako «eit norsk jazzkollektiv med ein verkeleg kollektivt sound».
Wako har teke sin stadig utvikla musikalitet og kreativitet med rundt Europa, og gjengjeve musikken sin live både saman med strykarane i Oslo Strings og saman med blant anna trompetvirtuos Arve Henriksen.
Musikkens omfang er alltid nøye justert til publikum, miljø og musikalsk materiale. Det betyr at konsertane ikkje berre er superlative, men og unike opplevingar.
Kort fortalt er Wako ei av dei mest imponerande unge livegruppene i dag og vel verd ein live lytt
Tid
(Sundag) 18:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøpmai
sun14mai18:00Erlend Viken trioFolk18:00

Om arrangementet
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨. - Adresseavisen Lat deg treffa av musikken til Erlend Viken trio i Kabuso, sundag 14.
Om arrangementet
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨. – Adresseavisen
Lat deg treffa av musikken til Erlend Viken trio i Kabuso, sundag 14. mai kl 18!
Erlend Viken – fele og hardingfele
Marius Graff – elgitar og banjo
Sondre Meisfjord – kontr
Hausten 2022 kom trioen med ny plate etter tre års dvale. Albumet er sett saman av tradlåtar frå folkemusikken, men lydbiletet er noko heilt utanom det vanlege:
Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken trio folkemusikk med eit lydbilde basert på norsk tradisjonsmusikk, og med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, rock og ørkenblues. Trioen har gjennom sine energiske liveopptredenar skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene.
Er du open og klar?
Foto: Sigurd Ytre-Arne
Tid
(Sundag) 18:00