Anders P. Wallevik

Unik fotosamling

Den kjende fotografen Anders Paulson Wallevik etterlot seg ei unik fotosamling. Nokre av bileta hans er utstilt på Skredhaugen.

Anders Paulsson Wallevik (1874-1965) var odelsguten frå Hardanger som vart fotopioner og visuell historieforteljar av nasjonal rang.
Han etterlot seg ei fotosamling på mellom tre og fire tusen glasplater – for det meste fotografert mellom 1905 og 1940.

Skredhaugen/Hardanger folkemuseum overtok ansvaret for den unike fotosamlinga i 1992. Sidan den tid har mykje arbeid blitt lagt ned i sikring av materialet, innhenting av informasjon om bileta og digitalisering. Det har resultert i at du no også kan sjå alle bileta i samlinga på Digitalt museum.

Den etterspurde utstillinga på Skredhaugen gjev ein smakebit frå Wallevik sitt mangfaldige fotovirke.

Kontakt

5781 Lofthus
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Opningstider

Sundagar i perioden 28. juni-8. august:
Kl 12-17

Arrangement på onsdagar i juli;
Sjå eige program

Sosiale media

Følg Hardanger folkemuseum på Facebook og Instagram

Contact

5781 Lofthus
Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Opening hours

Sundays June 28–August 8:
12 AM–5 PM

Events on Wednesdays in July;
See the program section

Social media

Follow Hardanger Folkmuseum on Facebook and Instagram

X